Under Den andre verdskrigen overførte tyskarane rundt 100.000 sovjetiske krigsfangar frå Austfronten til Norge. Krigsfangane utgjorde ein liten flik av den største væpna konflikten i verdshistoria - dødskampen mellom Nazi-Tyskland og Sovjetunionen. Ein annan flik av denne konflikten var dei norske partisanane sin kamp mot det nazistiske okkupasjonsregimet i Norge. Gjennom den russiske krigsfangen Ivan Trofimovitsj Pokinboroda sine auge, gir denne boka eit spennande innblikk i desse to neglisjerte tema i krigs- og etterkrigshistoria, og set lokalhistoria i Os, Drammen, på Toten, i Hallingdal og Valdres i eit fascinerande perspektiv. Morten Jentoft, tidlegare Moskva-korrespondent i NRK skriv: Forfatteren har på en imponerende måte klart å nøste opp en historie, som vil gi de aller fleste en helt ny innsikt og forståelse for hvordan de sovjetiske krigsfangene hadde det i Norge under 2. verdenskrig. Han har samlet så mye interessant kunnskap i boken, at dette i seg selv gjør den leseverdig