I denne boka er det samla 14 forteljingar som opphavleg vart publiserte einskilt. Dei er skrivne i åra frå 1878 til 1900, altså den viktigaste perioden i Garborgs diktargjerning.Utvalet opnar med Ein fritenkjar, den første forteljinga Garborg skreiv. Det er eit stykke som set problem under debatt. Av dei andre kan nemnast Stordåd, ei gripande lita novelle om to fattigborn i Christiania. Han Lars i lia er noko så sjeldsynt frå Garborg som ein humoreske om den norske latskapen. Utvalet sluttar med I heiane, ei skildring av ei fjellvandring frå Jæren til Setesdalen.