Når dei vaksne kviskrar snakkar dei om noko viktig, tenker Jolver. Ein dag kviskrar dei om Johnny med hunden. Han har vore i fengsel, og no er han kommen ut igjen. Korfor må vi til fotografen, lurer Jolver på. Han skal ta bilde av oss, seier pappa. Jolver får vita at ein dag er han så forandra at han må sjå på eit fotografi for å hugsa korleis han såg ut. I åtte forteljingar følgjer vi Jolver i leik, på skulen og i tankane hans.