menu-bar All the categories

569,00 kr 453,00 kr

2. september 1968 møttest for første gong ein flokk studentar og nokre få tilsette ved Norsk Lærerakademi for kristendomsstudium og pedagogikk i leigde lokale i Bergen. Femti år seinare feirer NLA Høgskolen jubileum. Skulen har i denne tida vakse frå eit smålåte Bergensakademi med 59 studentar til ein nasjonal høgskule med nærare 2000 studentar og over 200 tilsette. Denne boka fortel historia om skulen i lys av utviklinga av det norske utdanningssystemet. Lars Gaute Jøssang er professor i historie ved NLA Høgskolen. Kristian Helland er førstelektor og seniorrådgjevar ved NLA Høgskolen.