menu-bar All the categories

399,00 kr 349,00 kr

Er Setersetersetra landets snålaste stadnamn, eller er Der bikkja beit mannen rarare? Er Hildre vakrare enn Silkebekken, finst det trivelegare gatenamn enn Wienerbrødskjæringa og grovare stadnamn enn Kattrasshølet og Svartfitta? Klarar du å seie Litlklokklumpen feilfritt ti gongar på rad, og stinkar det i Rompeskogen, tru? Denne boka er det endelege beviset på at stadnamna våre er alt anna enn kjedelege, Norgeskartet er fullt av vakre, stygge, koselege, grove, morosame, strenge og rare namn. Trur du at du kjenner heimfylket ditt? Tru om att! Du skal ikkje sjå vekk ifrå at Hurrahølet, Homse, Vomma, Pølsesvingen, Krokslåttplutten eller Lortegrauten ligg rett om hjørnet.