Forfattar Gunnar Yttri skriv i denne boka om høgare utdanning i Sogn og Fjordane gjennom fire tiår, frå etableringa av Sogndal lærarskule og Sogn og Fjordane distriktshøgskule. Seinare vart Sogn og Fjordane sjukepleiehøgskule, Høgskuleutdanninga på Sandane og Sogn og Fjordane ingeniørhøgskule etablerte. Yttri tek så for seg bakgrunnen for å samla desse i ein høgskule, og om utviklinga etter samlinga. Eitt kapittel er via livet som student i Sogn og Fjordane, og i siste kapitlet, Folket, fylket og høgskulen, tek forfattaren for seg Høgskulen i Sogn og Fjordane sin plass som ein institusjon i fylket.