menu-bar All the categories

529,00 kr 422,00 kr

Historisk institutt ved Høgskulen i Volda har eksistert i 40 år - sidan haustsemesteret 1972. Denne boka feirar instituttet gjennom artiklar som har kulturmøte som overordna faglig perspektiv. Innleiingsvis blir sjølve institutthistoria gjort greie for og drøfta gjennom eit tilbakeblikk på den første tida og på forskingsaktiviteten ved instituttet. Resten av boka består av artiklar skrivne av forfattarar som er tilknytte instituttet i jubileumsåret. Temaet kulturmøte syner attende til instituttet sitt mastergradstilbod og deitilsette sine forskingsaktivitetar. Desse artiklane er delte inn i to bolkar: Fremmede impulser - lokale transformasjoner og Møte mellom bønder og embetsmenn.