Frankenstein, eller Den moderne Prometevs
Den gotiske romanen Frankenstein eller den moderne Prometevs av Mary W. Shelley er andre bok i den nye klassikarserien med verdslitteraturens viktigaste verk i ny nynorsk språkdrakt. Frankenstein vert ofte sett på som det første eksemplet på science fiction-litteratur i verda. Romanen har hatt enorm påverknad på seinare litteratur og populærkultur, ikkje minst for film. Karakteren Victor Frankenstein og hans namnlause monster har blitt eit omgrep i mange språk. Originalromanen er derimot nokså lite lesen. Forfattar Mary W. Shelley var ein av dei aller første kvinnelege forfattarane som ikkje skreiv under pseudonym. Den første utgåva var publisert anonymt, medan namnet hennar stod på andreutgåva frå 1823. Det at ei kvinne i tillegg skreiv om eit slikt tema, gjorde henne banebrytande og til ein av dei aller viktigaste forfattarane i verdslitteraturen.