Barnebokklassikar som framleis rører lesaren til tårer Hittebarnet Remi veks opp i fattige kår. Ni år gammal blir han seld til gamle Vitalis fordi pleiefar hans ikkje vil fø på han lenger. Remi må reise rundt med Vitalis og dyra hans - tre hundar og ein apekatt - og tene til mat og losji ved å opptre for folk. Han opplever varme vennskap og tragiske hendingar, og vi får også vite at nokon leitar etter han. Er det foreldra? Eller er det mørke krefter som vil han ille? Frendelaus er ei rørande forteljing om tap, vennskap og det å finne heim. Usliteleg barnebokklassikar i nyutgåve. Frå fransk ved Johannes Horvei og Åsmund Forfang.