Halvor Floden er kjend for ei rekkje barnebøker. Frik med fela kom ut i 1917 og blir rekna som den beste boka han skreiv..Frik har det ikkje lett, han er leigd ut til Eline, og må arbeide for henne. Med stor innlevingsevne skildrar forfattaren kor vanskelig livet kunne vere for eit slikt barn. Det er eit trist og hardt liv, fullt av arbeid. Men denne forteljinga får ein lykkelig slutt, lærarinna hans tek vare på guten.