Ascendere Promoveo er utnemnd til Grøntidslos. Han skal leia menneskja ut av dei store katastrofane og inn i tida då me lærer oss å leva i tett samspel med den produktive naturen. Men korleis ser eigentleg det naturnære menneskesamfunnet ut? Dette er det overordna temaet for Losebøkene. Til å hjelpa seg med det enorme oppdraget, hentar Ascendere inn nokre av dei fremste tenkjarar i verdshistoria. Dei kjem frå i dag, i går og i førgårs. Saman slår dei seg ned blant småbrukarar og fiskarbønder i eit lite, vestnorsk øysamfunn. Med boblande natur og folkeliv i Øyriket som bakteppe, søkjer Grøntidslosen og hans særs brokete gjeng av medarbeidarar svar på kvifor Katastrofetida kom, og på korleis langvarig fred og samarbeid med Mor Natur kan sikrast for framtida. Ingen etablerte «sanningar» om mennesket sitt tilvære på jorda er trygge for denne lystige og kreative gjengen. Og ingen utfordringar er for store. Eit ekte grønt skifte kjem ikkje ved å byggja ned natur for å redda klimaet. Det kjem