Førstemamma på Mars er forteljinga om ei lita jente som nektar å innsjå at mora er på sjukehus. I fantasien lagar ho mange mulege versjonar av kvar mor har tatt vegen. Kanskje er ho på handletur? På røvarjakt? Eller rett og slett på Mars? Førstemamma på Mars er i tekst og bilete ei eksplosiv og sår forteljing om sjukdom i den næraste familien.