Fulsås, Narve Havet, døden og vêret (8252161693)
Boka tek for seg korleis kystbefolkninga sine haldningar til naturkrefter, liv og død, endra seg frå 1800-talet og inn på 1900-talet. I boka viser forfattaren korleis haldningane gradvis endra seg, og korleis telegraf, dagsaviser, motorisering, forsikring og vêrmelding var med å fremje ei moderne risikooppfatning av ulykker. Arbeidet byggjer på eit variert empirisk materiale: tradisjonsstoff, skillingsviser, avisartiklar, vêrvarslingsarkiv m.m., og forfattaren trekkjer vekslar på ei rekkje forskjellige teoretiske tilnærmingar, som moderniseringsteori, språkfilosofi, vitskapssosiologi og medieteori. Har litteraturliste og personregister.