menu-bar All the categories

349,00 kr 305,00 kr

Vi er i ei nær framtid, og berre ein siste, liten, trassig landsby i nordvest klamrar seg til nynorsken. Ungdomen i Vassbygda tar likevel high five når dei møtest , og dei har ingenting i mot å chille med slush og fluffy cupcakes og flip-flops to go. Men brått vaiar eit dansk flagg over slottet i hovudstaden - og ein fornærma konge sjokkerer med å gi eit intervju på nynorsk. Bendik Uføre og Enella Frø må reise til hovudstaden for å sjå kva som skjer. Er dette den store sjansen deira til å gjere nynorsken in igjen? Samtidig får steinkunstnaren Ragnar Åheim eit nynorsk berg til å opne seg, og da skal vel også dører opne seg og hjarta opne seg og draumen opne seg, slik at nynorskingane kan glida inn på ein våg dei ikkje har visst um? Gamle menn i syningom er ein roman som går all in i den norske språkstriden. Arnfinn Kolerud (f. 1968) kjem frå Isfjorden i Romsdal. Han debuterte i 1996 og har seinare skrive bøker for både barn, unge og vaksne. Den som ikkje har gøymt seg no (2004) har blit