menu-bar All the categories

349,00 kr 303,00 kr

Dei beste petitane frå vår tids Vestlandsfanden. Gjennom mange år som petitskribent i Bergens Tidende har Asbjørn Kristoffersen på sitt surmaga vis vore dei eldre si stemme i samfunnet. Ingen er spart når Kristoffersen kvesser pennen, og det tematiske spennet strekker seg frå digitalisering av dei eldre, til fotballklubben Brann, moderne design og helsepolitikk. Tekstane hans er kvasse, ofte rammande, men alltid poengterte. Stilistisk står Kristoffersen i den vestlandskfandenske tradisjonen til Einar Førde og Erling Lægreid. Han er ein av ytterst få nolevande journalistar som dyrkar det nynorske tvisynet i arven etter Aasmund Olavsson Vinje. Om forfattaren: Asbjørn Kristoffersen (f. 1947) har vore journalist i Bergens Tidende sidan 1974. Han har skrive fleire reportasjebøker, og fekk i 2015 Gullparaplyens heiderspris, som blir utdelt av Bergen Journalistlag for å fremje god journalistikk i alle sjangrar.