Garthus, Karen Marie Kvåle #nynorsk (8211023024)
#nynorsk er ei tekstsamling med gode samtidstekstar i ulike sjangrar, som er skreddarsydd for arbeid med nynorsk i undervisninga. Her finn du eit rikt og variert utval av mellom anna leksikontekstar, essay, noveller, romanutdrag, teikneseriar, blogginnlegg, songtekstar og lyrikk. Boka viser korleis nynorsken er ei levande målform og passar for elevar med nynorsk som hovudmål og sidemål. - Breitt utval av samtidstekstar - Varierte skriveoppgåver: tenkjeskriv, skriv kort, skriv langt - Samanlikningsoppgåver og språklege oppgåver - Minigrammatikk
Her kan du sjå eit utdrag frå boka som bla-i-bok: https://bit.ly/2s9q9kX #nynorsk er ei frittståande bok og kan brukast uavhengig av lærebok. Passar for Vg1, Vg2 og Vg3.