Gi lyd - tekstar 1968-2008
Gi lyd opnar døra inn til Kjartan Fløgstads overdådige fabuleringskunst Heilt sidan debuten i 1968 har Fløgstad levert friske skriftstykke, breie romanar og dikt og songtekstar som har prega samtalen om litteratur og samfunn her til lands. "Alt eg har skrive har vore der på førehand. Det var berre å skriva det," har han sagt - og presentert lesaren for ei lang rad med leverandørar av liv og død, drift og tanke: Hertingen, Langethomas, Salim Mahmood, Ann Dante, Gro Ruud, Åtgjerd Uveland, Dikke Dahr, Robinson Freitag, Bjørn Blakke, Greven og Grevinna av Bar Bakke, Pål Seland, Klaus Reading og mange fleire.