Glimt av opphav = Glims o origin
I denne samlinga, Glimt av opphav, Glims o origin, møter vi lyrikaren Christine De Luca sine dikt, både i original på Shetland dialect, og i norske versjonar ved Odd Goksøyr, med eit essay om dikta av Øystein Orten. Sjeldan møter vi eit forfattarskap, for å sitere ein annan øydiktar, den irske nobelprisvinnaren Seamus Heaney sitt omgrep, som er så gjennomsyra av ei kjensle av stad («sense of place»). Men også ei kjensle av tid, ei kjensle av menneske, ei kjensle av at liva vi lever no står ein samanheng, der vi ser glimt av opphav, glimt av meining, av eksistens og erosjon. Christine De Luca har gitt ut ei rad diktsamlingar og andre tekstar på både Shetland dialect og engelsk, og var Makar (offisiell bypoet) i Edinburgh frå 2014-2017. Omsettingane til odd Goksøyr ber tydeleg preg av at han har bakgrunnen sin frå ein natur og eit samfunn ikkje heilt ulikt det shetlandske, om enn på hi sida av Nordsjøen. Med lydar og lys, eit øylandskap og eit hav - farga av heile himmelen sitt register.