Arnt Birkedals nye bok er ei glad og melankolsk diktsamling, om dei små kvardagane og det store i desse. I kjend stil leverer Birkedal ei musikalsk bok, som er både kraftfull og audmjuk. Det er ei bok som handlar om å vere ung og ei bok om å bli gammal, ei bok om sorg og glede. Birkedal har tidlegare skrive songtekstar, dikt, kortprosa og romanar, for barn og vaksne og for begge desse målgruppene på ein gong.