God i ord er et komplett norskverk for 3. 7. årstrinn som tek vare på alle sider ved norskopplæringa. Bøkene er humoristiske, lærerike og rikt illustrerte og inspirerer til lese- og skrivelyst. Bøkene er varierte i innhald, lengd og utforming og gir læraren mange idear til differensiering i undervisninga. I God i ord 3 Arbeidshefte støttar grammatikk- og formaltreningsoppgåver opp om arbeidet i dei ulike kapitla i God i ord 3 Språkbok. Kvart kapittel har sitt eige grammatikkfokus. For å kunne uttrykkje kunnskap, erfaringar, opplevingar og kjensler er det viktig å beherske eit tilstrekkeleg ordforråd, og det er viktig med språkleg bevisstheit. I arbeidsheftet er det lagt til rette for at elevane, gjennom varierte skriveoppgåver, får øvd inn sentrale grammatiske ord og omgrep. Gjennomgangsfiguren i boka, Bibben Bokmonster, viser veg, gir definisjonar og visualiserer lærestoffet. Heftet kan med fordel brukast tett saman med God i ord 3 Språkbok etter kvart som ein går gjennom lærestoffet.