God i ord er et komplett norskverk for 3. 7. årstrinn som tek vare på alle sider ved norskopplæringa. Bøkene er humoristiske, lærerike og rikt illustrerte og inspirerer til lese- og skrivelyst. Bøkene er varierte i innhald, lengd og utforming og gir læraren mange idear til differensiering i undervisninga. God i ord 6 Inn i teksten høyrer saman med God i ord 6. Tekstsamling, og kapittelinndelinga er lik i dei to bøkene. Boka har eit stort utval av oppgåver knytt til både leseforståing og leseoppleving. I tillegg inneheld kvart kapittel fagstoff knytt til lesestrategiar (for eksempel tankekart, styrkenotat, lesesirkel og venndiagram) og tekstkunnskap (mellom anna sjangerkunnskap, humorverkemiddel, teikneseriar og fleire skjønn- og faglitterære sjangrar). Kvart kapittel startar med avklaring av mål, og avsluttar med eigenvurdering av måloppnåing.