God i ord er et komplett norskverk for 3. 7. årstrinn som tek vare på alle sider ved norskopplæringa. Bøkene er humoristiske, lærerike og rikt illustrerte og inspirerer til lese- og skrivelyst. Bøkene er varierte i innhald, lengd og utforming og gir læraren mange idear til differensiering i undervisninga. God i ord 6 Språkbok handlar om korleis vi kan forstå kvarandre godt, og skal hjelpe elevane til å bruke orda betre. Boka er delt inn i fire bolkar (merkte med eigen farge) som korresponderer med dei fire hovudområda i læreplanen for norskfaget i Kunnskapsløftet: Bolk 1: Kommunikasjon Bolk 2: Munnleg bruk av språket Bolk 3: Skriftleg bruk av språket Bolk 4: Vi utforskar og lærer om språket Kvart kapittel har ei startside der måla for arbeidet med kapittelet er lista opp. Slik kan elevane på ein oversiktleg måte få vite kva dei skal arbeide med i kapittelet. På slutten av kvart kapittel finn dei eit eigenvurderingsskjema som vil vise i kva grad måla blei nådde. I boka finn elevane mang