menu-bar All the categories

599,00 kr

GODT SAGT 1 LES OG SKRIV er begynnarbøker i norsk språk og samfunnskunnskap tilrettelagde for vaksne innvandrarar som kan lese og skrive, men som ikkje har mykje skolebakgrunn frå heimlandet. Bøkene følgjer læreplanen i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Noko av det vanskelegaste i eit nytt språk er å lytte og forstå det ein høyrer. Både kursdeltakarar og lærarar gir uttrykk for det. Difor må systematiske lytteøvingar vere ein fast del av norskopplæringa for framandspråklege vaksne. Dei fleste øvingane i Lytteboka er baserte på ordforråd og lærestoff frå Bildeordbok og Tekstbok. Læremiddelpakken GODT SAGT 1 på bokmål omfattar mellom anna: -Bildeordbok -Tekstbok med lyd-CD-ar -Arbeidsbok 1 -Arbeidsbok 2 -Lesehefte 1-10 -Lytteboka -CD-ar til Lytteboka -Prøveboka med lyd-CD -Lærerens bok (felles for Bildeordbok og Tekstbok) Biletordbok, Lesehefte 1-10, Lytteboka og CD-ar til Lytteboka ligg føre på nynorsk.