Er du ein igraol? Har du ein god kodde i sofaen, for det er vel fønøne når du ligg og dusmar? Brukar du å få vårgjæle om våren når du sit i bakkel.ggja i ei orgjæle? I 2006-2008 sende NRK Sogn og Fjordane programserien Grautmål: Hyllest til dialektord frå Sogn og Fjordane der innringjarar i samtale med journalist Arve Uglum presenterte og forklarte ord og uttrykk dei kjende frå eige talemål. I bokversjonen er dialogen mellom heimelsfolka og Uglum gjengitt i talemålsnær form. Deretter gir språkvitar og systrending Øystein A. Vangsnes fyldige kommentarar til og omkring orda og talemålet basert på tilgjengelege kjelder og eigen kjennskap til dialektane i fylket.