Grepstad, Ottar Viljen til språk (8252166547)
Boka er ei framstilling av den nynorske kulturhistoria gjennom 1500 år. Forfattaren viser korleis aukande lese- og skrivekunne har danna grunnlaget for språkleg og kulturell demokratisering, han legg vekt på dei meiningsdannande miljøa blant nynorskbrukarane, avdekkjer ukjende sider ved historia til målrørsla og gir kvinnene den plassen i målrørsla som så ofte er blitt oversett. Forfattaren omtaler 150 profilerte personar og institusjonar, og dokumenterer språkpolitiske stortingsvedtak frå 1851-2005. Med kjelder og personnamnregister.