GRIP er eit læreverk for vaksne innvandrarar som får opplæring i samfunnsfag, naturfag, matematikk og engelsk på grunnleggjande nivå. Verket dekkjer kompetansemåla for 1.-10. trinn i læreplanane etter Kunnskapsløftet. For faget engelsk dekkjer verket også forsøkslæreplanen i engelsk for førebuande vaksenopplæring (FVO). GRIP basisfaga! I GRIP er det lagt vekt på å presentere fagstoff på ein enkel måte. Språket er tilpassa vaksne deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. Det visuelle uttrykket er ryddig og enkelt med variert bruk av foto og teikningar. GRIP 1 Engelsk gjev deltakarane basiskunnskapar i faget og dekkjer kompetansemåla i læreplan i engelsk for grunnskulen etter Kunnskapsløftet (1.-4. trinn), samtidig som mål og perspektiv frå forsøkslæreplanen i engelsk for førebuande vaksenopplæring (FVO, modul 1 og modul 2) er tekne inn. Arbeidsboka er delt inn i to delar og tematisk tilpassa grunnboka. Boka inneheld ei rekkje oppgåver som gjev elevane trening i å lese, skrive, l