menu-bar All the categories

519,00 kr

Grip er eit læreverk for vaksne innvandrarar og elevar på ungdomstrinnet som får opplæring i samfunnsfag, naturfag og matematikk på grunnleggjande nivå. Verket dekkjer kompetansemåla etter 2., 4. og 7. trinn i læreplanane etter Kunnskapsløftet. Grip fokuserer på å presentere fagstoff på ein enkel måte. Språket er tilpassa vaksne deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. Det visuelle uttrykket er ryddig og enkelt, med variert bruk av foto og teikningar. Grip 1 Matematikk gir deltakarane basiskunnskapar i matematikk og dekkjer kompetansemåla etter 2. og 4. trinn i læreplanen. Døme på emne: tal, dei fire rekneartane, tid, mønster og former, økonomi, mål og statistikk. Grip digitale ressursar På nettstaden til verket finn du digitale ressursar til Grip 1 Matematikk. Læraren finn supplerande oppgåvemateriell til nedlasting og tips til undervisninga.