GRIP er eit læreverk for vaksne innvandrarar som får opplæring i samfunnsfag, naturfag og matematikk på grunnleggjande nivå. Verket dekkjer kompetansemåla etter 2., 4., 7. og 10. trinn i læreplanane etter Kunnskapsløftet. GRIP basisfaga! GRIP fokuserer på å presentere fagstoff på ein enkel måte. Språket er tilpassa vaksne deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. Det visuelle uttrykket er ryddig og enkelt, med variert bruk av foto og teikningar. Grunnboka GRIP 2 Samfunnsfag og naturfag gir deltakarane basiskunnskapar i dei to faga, og dekkjer kompetansemåla etter 7. trinn i læreplanen. Boka er tydeleg delt i to og enkel å orientere seg i. Arbeidsboka GRIP 2 Samfunnsfag inneheld oppgåver til samfunnsfag. Eksempel på emne er: ressursar i Noreg og Europa, klima og miljø, lover og reglar i verdssamfunnet, demokrati og styresett, velferdssamfunnet, antikken, mellomalderen, opplysningstida. GRIP digitale ressursar På nettstaden til verket finn du GRIP 2 Samfunnsfag og naturfag som di