GRIP er eit læreverk for vaksne innvandrarar som får opplæring i samfunnsfag, naturfag og matematikk på grunnleggjande nivå. Verket dekkjer kompetansemåla etter 2., 4., 7. og 10. trinn i læreplanane etter Kunnskapsløftet. GRIP basisfaga! GRIP fokuserer på å presentere fagstoff på ein enkel måte. Språket er tilpassa vaksne deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. Det visuelle uttrykket er ryddig og enkelt, med variert bruk av foto og teikningar. GRIP 3 Historie gir deltakarane basiskunnskapar i faget og dekkjer kompetansemåla etter 10. trinn i læreplanen. Eksempel på emne i GRIP 3 Historie er: den amerikanske revolusjonen, den franske revolusjonen, napoleonskrigane, Noreg 1814 1905, nasjonalismen, imperialismen, den industrielle revolusjonen, den russiske revolusjonen, verdskrigane, den kalde krigen og konfliktar etter den kalde krigen. GRIP digitale ressursar På nettstaden til verket finn du GRIP 3 Historie som digital bok, der deltakaren vil finne støtte i lyd og omsetjingar