For første gong på norsk ein omfattande antologi med moderne lyrikk fra Irland:Thomas Kinsella, Richard Murphy, John Montague, Seamus Heaney, Michael Longley, John F.Deane, Eavan Boland, Eva Bourke og Pat Boran.Ni sentrale engelskspråklege poetar frå ”den grøne øya” – eit land der poesien gror sterkt og i ulike retningar. ”Det irske” er overbevisande til stades, og når ein ser på det litterære landskapet i fugleperspektiv, er dette eit heilt anna land enn til dømes England som har ein meir akademisk prega litteratur.Her er irsk natur, folkeliv, historie, og for ein norsk lesar er det dessutan slåande i kor stor grad forteljinga lever i denne lyrikken.Gjendiktarane Knut Ødegård og Jostein Sæbøe, har utstyrt boka med eit etterord som gjer klåre riss av utviklinga av den irske lyrikken – ei stor dikting som trer fram innanfor Irlands dramatiske historie..