menu-bar All the categories

569,00 kr 453,00 kr

I ei tid då internasjonal konkurranse og New Public Management tvingar fram kalkulatorane på område som tradisjonelt var opptekne av ånd og ord, helse og omsorg, er det til tider grunn for å stoppa opp og spørja om vi er på rett veg. Al Gore minner oss om at det smale verdiomgrepet vi gjerne knyter til einøygd næringslivstenking om profittmaksimering, har ei bakside der dei viktigaste verdiane er truga. Det handlar om kloden sin eksistens, det handlar om menneskeverd og menneskeleg likeverd. Tanken er å medverka til å halda verdispørsmåla levande og å utfordra skulen på verdiproblemstillingar vi ikkje kjem utanom i vår tid. Skulen er også prega av krav om betre resultat når det gjeld læring og om raskare gjennomstrøyming i utdanningsverket. Det er ikkje vanskeleg å stilla seg bak denne prioriteringa. Samstundes kan det vera nødvendig å minna om at ei slik vektlegging ikkje må føra til at skulen nedtonar sitt fokus på danningsoppgåvene. Grunnverdier og pedagogikk gjev rom for mange røys