menu-bar All the categories

380,00 kr 330,00 kr

Ein nylærar set seg fast i lundegarna til ordføraren, og nykommarskamma avlar paranoide tankar. På ferja sit Fred Helmer. Han kjem heim i berre skjorta og utan sokkar i skorne, men i den mentale bagasjen har han fargerike kolibriar. Jenta i den gule jakka vender heim med lite anna enn smerte. Sansane opnar seg på vidt gap når ho går i land. Ei rift i verda gir endeleg næring til dei som drøymer om undergangen. Kven sa at det var lett å leve i opne landskap?Dette er ein fleirstemd roman. Tidslaga flyt over i kvarandre, men det er framleis den same fredagen. Staden er eit forblåst stykke land, omringa av hav.