Opprivande og oppriktig om spontanbort. eg trudde ein positiv test var bevis på liv det stemmer ikkje som lyset frå stjernene brukar teikna tid på å nå oss utviklinga kan allereie ha stoppa hcg i kroppen som stjernestøv som Schrödingers katt er du både død og levande eg står heilt stille livredd for å opne boksen For eget i denne diktsamlinga er det ikkje noko problem å bli gravid - utfordringa er å halde på barnet. For barnet blir verkeleg, nesten med det same eget ser dei to strekane på graviditetstesten. Eit liv og ei framtid ho mister gong etter gong. Kvifor er det så vanskeleg å bli mor når det er så lett å bli gravid? For eget er det blodig alvor, kvart liv som ikkje blir. For helsevesenet er det daglegdags. For lesaren er det eit viktig innblikk i ein situasjon mange kvinner står i, men som enda fleire veit lite eller ingenting om.