Håkonshallen 750 years - royal residence and national monument
Håkonshallen i Bergen var ein del av residensen til dei norske kongane på 1200-talet og står i dag, trass i endringar, forfall og restaurering, som eit levande minne om det norske kongedømmet i mellomalderen. Hallen er første gongen nemnt i kjeldene 11. til 14. september 1261 då sonen til kong Håkon Håkonsson, Magnus, feira bryllupet og kroninga si der. Denne boka med artiklar av framståande historikarar frå inn- og utland kjem ut i høve 750-årsjubileet til hallen og tek for seg hallen frå fleire synsvinklar: Byggemåte og arkitektur, administrativ og symbolsk tyding, og kva hallen seier om kongehoffet og riksstyringa på den tida. Boka omhandlar og den nyare historia til hallen.