menu-bar All the categories

179,00 kr

Hardanger Folkemusikksamling har ei stor samling av eldre plater. I samlinga er m.a. dei tidlegaste innspelingane hardingfelespelemann Halldor Meland gjorde for Farre og Gramophone. Det har lenge vore eit ønske at publikum skal få høyre desse opptaka. Platene er digitalisert hjå lydlaboratoriet ved Nasjonalbiblioteket, Mo i Rana, ved Sigbert Fryxell og Thomas Bårdsen. Etterarbeid og mastering ved Strype Audio, Audun Strype. Vi har valgt å bruke dei originale slåttetitlane slik dei står oppført på platene frå 1915 og 1911.