menu-bar All the categories

284,00 kr

Han som vart att er ei underhaldande forteljing om Vestlandet og den gjennomgripande utviklinga landsdelen har vore gjennom dei siste femti åra. Her får du møta gründerar, spradebassar, skrytepavar og stribukkar som alle søkjer å leve eit liv der restar av tung religiøsitet dannar bakteppe for det meste som skjer.

Atle Hansen, fødd 1954 i Mosterhamn, er forfattar, visesongar, låtskrivar og journalist. Han bur på Stord og debuterte som forfattar med barneboka Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill i 1997. Seinare har han skrive for både born, ungdom og vaksne. I romanane for vaksne skriv han om livet langs kysten av Vestlandet før og no, oftast i ein humoristisk tone og i munnleg, lettlesen stil.