Harald Haug (1920-1999) var sentral i musikklivet i Vågå gjennom 50 år. Nær sagt alle musikksjangrar involverte han seg i. Mest kjent er han for sitt engasjement i tradisjonsmusikken. I samband med at han ville ha runda 100 år, blir det gjeve ut ein dobbel-CD med noko av musikken han laga. Denne produksjonen ‒ Rosita ‒ inneheld eit utval på 31 komposisjonar som speglar dei mangefasetterte livsuttrykka og stemningane i det musikalske livet hans. For det store publikum er dette i stor grad ukjente melodiar, og dei blir her levandegjort av framståande utøvarar – av våre fremste i sitt slag i dag. Harald Haug kan med god grunn seiast å vera eit episenter for det rike folkelege musikklivet i si samtid. Dette sette mange spor i denne samtida og i oss i dag ‒ noko desse CD-ane så absolutt vitnar om.