menu-bar All the categories

349,00 kr

Den anerkjende, nyskapande og visjonære folkemusikaren Benedicte Maurseth lanserer no det framifrå og altoppslukande albumet Hárr på Hubro Records. Her blandar hennar særprega hardingfeleklang seg saumlaust saman med fugle- og reinsdyrlydar, og med dei meisterlege medmusikarane Mats Eilertsen og Håkon Mørch Stene som legg sitt fingeravtrykk på verket. Alltid drivande framover, men samstundes med ei symbiotisk ro, dreg dette albumet deg inn i ei verd som nærmast gjev deg kjensla av å vandre over vidda, og å vera i eitt med naturen. Benedicte Maurseth er oppvaksen på Maurset i Eidfjord, like ved nasjonalparken Hardangervidda, og har gått i fjella der heile sitt liv, noko som tydeleg legg grunnlaget for denne musikalske vandringa. Som folkemusikarar alltid har gjort, står også Maurseth open i si samtid, og hentar impulsar frå andre kunst- og musikkutrykk i samspel med andre. I verket og no også albumet Hárr vekslar det mellom norsk slåttemusikk, fri improvisert musikk, amerikansk minimalisme, og utstrekt bruk av musique concrète som eit berande element i komposisjonane, med lydar frå reinsdyr, fuglar, insekt, og tamreinsgjetarar frå Hardangervidda integrert i musikken. Hárr er opphavleg eit tingingsverk av Benedicte Maurseth, arrangert og framført i samarbeid med blant andre Mats Eilertsen og Håkon Stene til Hardanger Musikkfest i 2019. Hárr er det norrøne namnet for Hårteigen, det mest særmerkte fjell på Hardangervidda, og fleire av titlane i verket har norrøne namn som Hreinn (reinsdyr) og Eidfyrder (Eidfjording). Jørgen Træen, Rolf-Erik Nystrøm og Stein Urheim er med som gjester på nokre av låtane på albumet.