Carl Hatteland frå Klepp kom til Vats via Stavanger i 1876. Han skulle bli spinneristyrar. Fem år seinare fekk han handelsbrev og begynte med landhandel i Åmsosen. Denne boka fortel om fem generasjonar Hatteland i Åmsosen i Vats. Forfattaren tar oss med på ei ferd frå oppveksten til gardbrukarsonen Carl på Jæren, via opninga av landhandelen i 1881 og etableringa av Jakob Hatteland Electronic i 1971, til det som i dag er kjend som Hatteland Gruppen, eit familieselskap med fleire internasjonale forgreiningar innan produksjon av og handel med elektroniske komponentar, logistikksystem og automatlager. Nils Olav Østrem, fødd i Skjold i 1961, er professor i historie ved Universitetet i Stavanger. Han har skrive ei rekkje bøker, både om utvandringshistorie og lokalhistorie, mellom anna fire band om gardar og folk i tidlegare Skjold kommune.