Hauge, Alfred Manndom (8205489599)
Då Alfred Hauge (1915-86) døydde, etterlot han seg manuskriptet til Manndom, det siste bandet i ein trilogi med livsminne. Det personlege stoffet - kvardagsliv med familie, venner og i arbeid som lærar, forlagsmann og journalist - blir her vevd saman med eit større kulturpolitisk stoff. Det er sterke liner mellom det Hauge fortel om livet sitt og bøkene hans.
Manndom tek for seg åra 1940-53, og ender med at han blir medarbeidar i Stavanger Aftenblad, ein posisjon han skulle komme til å ha i rundt 30 år.