Teaterstykket Hav har urpremiere under Festspela i Bergen i mai 2014. Regissør er Kai Johnsen, mannen som i 1994 også sette opp det aller første Fosse-stykket. På dei 20 åra sidan dramatikardebuten er Jon Fosse sin dramatikk omsett til meir enn 40 språk, og stykka hans er sette opp over tusen gonger. I stykket Hav møter vi Skipsføraren, Gitarspelaren, to menn og to kvinner. Stykket er umiskjenneleg Fosse. Vi er i ein mellomtilstand, eit grenseland, i eit ingenting der tid og stad er oppløyst, men Skipsføraren styrer og Gitarspelaren speler.