Håvamål ; Voluspå ; Draumkvedet
Tre norske klassikarar i eitt.Denne boka inneheld tre litterære høgdepunkt frå den norske mellomalderdiktinga. I «Håvamål» får vi alle dei kjende ordspråka om rett framferd og gode dygder som måtehald og klokskap. «Voluspå» er eit mektig dikt om opphavet og undergangen til verda, fortalt gjennom den allvitande volva (spåkvinna). I «Draumkvedet» møter vi Olav Åsteson, som vaknar trettandedag jul og fortel om den lange draumen han har hatt, der han har vandra gjennom underverda. Alle desse tre diktverka formidlar stor visdom om livet og døden og har like mykje å seie til menneske i dag som då dei vart dikta for om lag tusen år sidan.