Havet syng er ei gripande kjærleikshistorie om ei sterk kvinne i eit mannsdominert kystmiljø. 1800-talet, Sunnmøre: Kristiane lovar far sin at losnummeret hans ikkje skal gå ut av slekta. Som kvinne kan ho ikkje overta losansvaret og må difor gifte seg med ein som kan og vil det. Mellom plikt og lidenskap må ho ta sine val. Dette er første romanen om Kristiane.