He-he! - ei bok om den livsviktige latteren
Alt du vil vite om latter Barn ler 300-400 gonger for dagen. Vaksne berre 10-15 gonger. Mange dyr ler også! Kvifor ler barn så mykje meir enn vaksne? Kan latter gi oss venner? Blir vi snille av å le? Eller friske? Og er det mogleg å le seg i hel? Dette er nokre av dei mange spørsmåla du finn svar på i boka He-he. Det handlar om kor skummel latteren kan vere, men mest av alt kor godt og viktig det er å kunne le. Boka er illustrert av Per Ragnar Møkleby.