Det er 130 år sidan Johanna Spyri skreiv den eviglevande forteljinga om Heidi, ei kvikk og eiegod småjente som har mista foreldra sine og skal bu hos bestefar sin i dei sveitsiske Alpane. Det blir eit nytt liv både for Heidi og den gamle einstøingen. Gjennom alle dei åra har Heidi vandra frå land til land, og boka sluttar aldri å gripe lesaren. Det er den beste boka eg nokon gong har høyrt! seier Tonje i Maria Parrs bok Tonje Glimmerdal. Tonje har akkurat høyrt ferdig boka om Heidi, og har følgd med i andelaus spenning. Dette er ein oppdatert versjon av Halldis Moren Vesaas si klassiske omsetjing frå 1968.