Små historier med stort hjarte . Bjarte Daviknes Klakegg debuterer med korte historier som spenner frå det realistiske til det fabulerande: ein prest svevar over havet, ein bror blir borte, ein brann endrar alt, oppkastet avslører ein løyndom, ein bandopptakar gir evig liv. Vi blir dradd inn i avgjerande episodar i vanlege folks liv. Det handlar om hjarte som bankar, og hjarte som veks og veks.