menu-bar All the categories

298,00 kr 261,00 kr

«Gale e da atte da e sagt, men verre e da atte da e sant», er eit uttrykk me har lært av Jakob Vik. Denne boka speglar litt av denne rare balansen. I utgangspunktet fortel me sanne soger, men ei soge vert alltid farga av den som opplever, av den som fortel, og også av den som høyrer og fortel soga vidare. Men me som samlar inn og skriv, gir vidare den versjonen som vert fortalt til oss. Me - det er Per Drønen, Håkon C. Hartvedt og Harald Johan Sandvik. Boka fortel om fortid, om hendingar som har vore. Her finn du morosame, alvorlege og dramatiske historiar, du finn revyviser, songar, prologar og ei samling med ordtak, alt frå Fitjar. Men me vil tru at folk i heile Sunnhordland vil kjenna seg att i det stoffet me presenterer her.