menu-bar All the categories

1129,00 kr 900,00 kr

Framstillinga gjer greie for vilkåra for og rettsverknadene av hevd, slik desse følgjer av lov om hevd av 9. desember 1966 nr. 1.Innleiingsvis blir det gjort greie for dei rettspolitiske omsyna bak reglane og tilhøvet til overordna normer som Grunnlova § 105 og EMK første tilleggsprotokoll artikkel 1 om vernet av eigedomsretten.Ut frå det praktiske føremålet med framstillinga er det teke med eit kapittel om tilhøvet til andre liknande reglar og eit kapittel om prosessuelle spørsmål knytt til hevd.Hevd av rettsvern er ikkje regulert i hevdslova, men er teke med for samanhengens skuld. Læra om tålt bruk (precario) blir også handsama, sjølv om det er uklart om hevdslova fullt ut gjev det rettslege grunnlaget for læra.Boka er utstyrt med omfattande register over litteratur, lover, rettspraksis og stikkord, og er meint å vera à jour pr. 1. januar 2005.