Sommaren 1997: forteljaren vender heim etter ei lang reise. Han har med seg to vener, ein amerikanar og ein israelar, og dei slår seg ned i eit tomt hus i skogen.Der opnar dei ein pose med sinnsekspanderande rusmiddel. Rom, samtalar og hendingar flyt saman i ein ny heilskap, kor dei unge mennene ser inn i ei anna verd. Femten år seinare ser forteljaren inn i sommaren 1997. Er det ei tid som han ville ha vore forutan?