Om å bu på hybel medan mor er sjuk Lea går i andre klasse på vidaregåande. Ho bur på hybel og har ingen venner. Og heime på garden ligg mamma i senga. Uansett kva Lea gjer eller seier, står ikkje mamma opp. For å få seg venner gjer Lea seg om til Vilde. Smarte, morosame og kule Vilde. For Vilde har ikkje ei mor som er sjuk. Vilde blir kjærast med Halvor. Vilde greier alt i heile verda. Men så skjer det noko som gjer at Vilde forsvinn og Lea ikkje greier å vere nokon annan enn seg sjølv.